Silda
Øy i Kinn kommune
- For øya i Loppa kommune, sjå Silda i Loppa.
Silda er ei øy som ligg mellom Vågsøy og Osmundsvåg i Kinn kommune i Vestland. Øya ligg i Sildegapet som er kalla opp etter øya. Det har vore opp til 150 innbyggjarar i fiskesamfunnet Silda, i 2024 er det berre 17.
Silda | |
---|---|
Flyfoto av Silda. Foto: Stig Silden
| |
Geografi | |
Stad | Nordfjord |
Koordinatar | 62°00′52″N 05°11′19″E / 62.01444°N 5.18861°E
|
Areal | 1,1 km²
|
Høgaste punkt | Vardehaugen (98 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Vestland
|
Demografi | |
Folketal | 17 (2024) |
Folketettleik | 15 /km² |
På sørsida av Silda ligg restauranten Skjærbuda. Den lokale rutebåten «Øyglimt» går dagleg mellom Måløy og Silda.
Det er funne buplassar frå steinalderen og gravrøyser frå vikingtida og eldre på øya.
Øya var del av Selje kommune fram til 1964, og Vågsøy kommune frå 1964 til 2020.
Folketalsutvikling:
1801[1] | 1900[2] | 2000[3] | 2024[3] |
---|---|---|---|
29 | 57 | 41 | 17 |
Kjelder
endre- ↑ Folketeljing 1801 for Selje prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Selje herred, frå Digitalarkivet
- ↑ 3,0 3,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå
Bakgrunnsstoff
endre- Nettstad for Skjærbuda Arkivert 2008-07-04 ved Wayback Machine.
- Øyglimt
- Kulturminnesøk