Halsa kyrkje i Halsa

Halsa kyrkje er ei krosskyrkje frå 1725 i Heim kommune i Trøndelag fylke.[1] Bygget er i tømmer kledd i trepanel og har 330 sitjeplassar. Kyrkja vart innvigd 5. august 1725.[2]

Halsa kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Indre Nordmøre
Sokn Halsa
Fellesråd Halsa
Type krosskyrkje
Teknikk tømra
Material tre
Innvigd 5. august 1725
Kyrkjegard Det er kyrkjegard ved kyrkja
Sitjeplassar 330
Kart
Halsa kyrkje i Halsa
63°04′33″N 8°14′48″E / 63.0757°N 8.2467°E / 63.0757; 8.2467
Wikimedia Commons: Halsa kirke

Halsa er ein gamal kyrkjestad og det har tidlegare stått ei stavkyrkje på staden.[3] Den første kyrkja brann ned i 1724.

Kyrkjegarden er frå mellomalderen og automatisk freda.[3]

Halsa kyrkje er soknekyrkje i Halsa sokn i Indre Nordmøre prosti.[1]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Halsa kirke, Nordmøre». Kyrkjesøk. Henta 10. november 2019. 
  2. N.M. Vaagland (1997). Halsaboka 1. Halsa kommune. s. 182. ISBN 8299526701. 
  3. 3,0 3,1 «Halsa kirkested». Riksantikvaren, kulturminnesok.no. Henta 28. mai 2015.