Halvdan den milde

Halvdan den Milde og Mat-ille var ein konge av Ynglingeætta, far til Gudrød Veidekonge og farfar til Halvdan Svarte. Han var son av kong Øystein av ynglingeætta.

Halvdan den milde
Fødd8. hundreåret
Noreg
Død802
Tittelkongen av Noreg
Hus eller slektYnglingeætta
FarØystein av ynglingeætta
EktefelleLif (?)
BarnGudrød Veidekonge, Gudrød Sigfredsson Veidekonge, Sigurd, 5th King of Haithabu

Han sat som konge i Holtar, no Holtan i Borre, og er gravlagd der. Han var gift med Liv, dotter til kong Dag på Vestmar, i dag eigna kring Langesund. Namnet og gravstaden hans tyder på ei lekk til Danmark (Borrestil).

Halvdan skal ha vore konge tidleg på 800-talet, og den fremste kjelda på han skriv seg frå skalden Tjodolv frå Kvine, diktaren av Ynglingatal. Halvdan er òg nemnd i den eldste Noregshistoria, skriven kring 1170. I si omsetjing av denne, noterer Halvdan Koht:

Halvdan den milde... budde etter Tjodolv på garden Holtar og vart gravlagt på Borre, der det endå finst ei heil samling med store gravhaugar... No høyrer vi i frankiske krøniker, at i året 813 var det upprør på Vestfold imot dei danske kongane, og kanskje var det denne kong Halvdan som no gjorde Vestfold sjølvstendigt; Det kann vi ha eit minne um i at Tjodolv kallar mennene hans for "dei som vann siger" (Norrøne Bokverk,) fjerde bandet).

Etter dei frankiske årbøkene var det ættestrid i Danmark nett på denne tida, sidan kong Hemming nett var avliden, og sønene etter Godfred, kongen før, ikkje var komne til moden alder. I denne arvestriden, der far til Harald Klakk var innblanda, kan kongane i Vestfold ha nytta høvet til å gjera opprør mot Hedeby.