Halvdan Koht

norsk politikar og historikar

Halvdan Koht (7. juli 187312. desember 1965) var ein norsk historikar og utanriksminister i Johan Nygaardsvolds Arbeidarparti-regjering.

Halvdan Koht

Fødd7. juli 1873
Tromsø kommune
Død12. desember 1965 (92 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre (ukjend; 1911), Arbeidarpartiet (1911)
Yrkehistorikar, politikar, litteraturhistorikar, universitetslærar, litteraturkritikar, biograf
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
FarPaul Koht
EktefelleKaren Grude Koht
BarnÅse Gruda Skard, Paul Gruda Koht
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Det polske vitenskapsakademi
Norges Fredslag
Alle verv

Frå 1935 til 1941 var Koht utanriksminister i regjeringa Nygaardsvold. Etter andre verdskrigen vart han klaga for nøytralitetspolitikken i mellomkrigstida, men det var utanriksminister Koht som avviste det tyske ultimatumet i 1940 og det var han som utforma kong Haakon si erklæring til folket, der han sa nei til tyskarane .

Koht skreiv som historikar i første rekkje om norsk historie, om personar, politikk og sosiale forhold. Historieskrivinga hans var prega både av ein historisk materialisme der han la stor vekt på rolla til klassekampen, og eit organisk historiesyn i tradisjonen etter Ernst Sars der nye samfunnsformer vart forstått i ljos av tidlegare samfunnsformer.

Halvdan Koht var ihuga målmann, og leiar i Noregs Mållag frå januar 1921 til januar 1925. Han var gift med Karen Grude Koht. Koht sitt sosiale målsyn kjem klart fram i rettskrivingsreforma av 1938, der bokmålet vart kraftig fornorska, og nynorsken vart opnare for nord- og austnorske målføre. Målet for Koht var samnorsk. Han var såleis nestleiar i organisasjonen Østlandsk reising (skipa 1916).

Sjå òg

endre