Halvor er eit norsk mannsnamn avleidd gjennom Hallvor frå norrønt Hallvarðr. Hall- er tolka som 'stein' og varðr betyr 'vaktar'.[1] Halvor og det nærskylde Hallvard har namnedag den 15. mai.

Halvor Nordhaug.
Foto: kirken.no

Halvor er mest vanleg i Noreg, men er også noko brukt i Danmark og Sverige. Sidan 1880-talet, då det kunne brukast som døypenamn om over 0,7 % av gutebarn, har bruken gått ned. Frå 1950-talet til 2000-talet har bruken lege rundt 0,1 %. I Noreg var det 3092 menn som heitte Halvor i 2009.

Namneberarar

endre

Kjelder

endre
  1. Hallvor Norske navn.no