Hallvor Asphol (fødd 15. juni 1961) er ein norsk kolonialhandlar og tidlegare skihoppar som representerte Kleive Idrettslag. Han kom på sjetteplass under skiflygings-VM 1981, og vart nummer to og kom pallen i eitt verdscuprenn i 1982.

Halvor Asphol
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. juni 1961 (62 år)
Hall in Tirol
Idrett skihopping

Karriere endre

Asphol debuterte i verdscupen i St. Nizier i Frankrike i februar 1980, der han vart nummer 11. Seinare i sesongen vart han nummer åtte i Vikersund. Han deltok i verdsmeisterskapen i skiflyging 1981 i Oberstdorf der han vart nummer seks. Under hoppveka 1981/82 var han i sitt livs form då han splitta den austerrikske duoen Hubert Neuper og Armin Kogler ved å kome på andreplass i storbakken i Bischofshofen 6. januar 1982. Samanlagd vart han nummer fem i hoppveka.

Asphol var ein typisk krafthoppar som gjorde sine beste tevlingar i store bakkar. Hans lengste skihopp var på 175 meter, ei tangering av den dåverande noregsrekorden. Etter 1982 klarte han ikkje å hevde seg mellom dei beste og la opp i 1985.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn endre

1980: Nr 8 i Vikersund 1981: Nr 6 i skiflygings-VM i Oberstdorf og i verdscupen i Engelberg 1982: Nr 2 i Bischofshofen 1984: Nr 4 i Sapporo 1985: Nr 10 i Lahti

Besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Kolonialhandlar endre

Asphol overtok i 1984 eit familiefirma som dreiv handel med kolonialvarer på Kleive i Molde. Sidan har han drive firmaet, som i 2011 heiter Halvor Asphol Dagligvarer (Joker Kleive).

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre