Halvor Bjørnebye
Halvor Bjørnebye (22. september 1905–23. mai 1981) var ein norsk flygar og luftfartspioner. Saman med blant andre Arild og Viggo Widerøe var han med på å grunnleggja Widerøes Flyveselskap i 1934.
Halvor Bjørnebye | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. september 1905 Solør |
Død |
23. mai 1981 (75 år) |
Yrke | flygar |
Bjørnebye vart elev ved Marinens flyskole i 1926, og fekk flygarvengen året etter. Han vart utskriven i september 1929.[1] I 1933 starta han selskapet Widerøe & Bjørnebye saman med Viggo Widerøe for å driva foto- og reklameflyging. Året etter starta dei saman med tre andre Widerøes Flyveselskap.[2] Ikkje lenge etter byrja han i DNL. Like før krigsutbrotet i 1940 forlét han DNL og byrja i nederlandske KLM.[3] Han deltok i kampane i Noreg som kjentmann for britane.[4]
I 1946 vart han tilsett som sjefsflygar i Braathens SAFE, før han året etter vart inspektør i same selskap.[5]
Verk
endre- Bjørnebye, Halvor (1974). Til værs fra Solør: muntre minner fra bygd og skog og norsk flyhistories barndom. Grøndahl. ISBN 8250400712.
Kjelder
endre- Referansar
- ↑ Norsk fly-bok, s. 95
- ↑ Grønne vinger over Norge, s. 5
- ↑ Bjørnebye, s. 148
- ↑ Flyalarm, s. 85
- ↑ Mot alle odds, s. 33
- Denne artikkelen bygger på «Halvor Bjørnebye» frå Wikipedia på bokmål, den 2. april 2019.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Nekrolog Aftenposten 30. mai 1981
- Tjomsland, Audun (1943-) (1995). Mot alle odds: Braathens SAFE - 50 år på norske vinger. Braathens SAFE. ISBN 8299040019. Tjomsland, Audun (1943-) (1995). Mot alle odds: Braathens SAFE - 50 år på norske vinger. Braathens SAFE. ISBN 8299040019.
- Flyalarm: luftkrigen over Norge 1939-1945. Sem & Stenersen. 1991. ISBN 8270460583. Flyalarm: luftkrigen over Norge 1939-1945. Sem & Stenersen. 1991. ISBN 8270460583.
- Arnesen, Odd (1897-1946) (1938). Norsk fly-bok. Gyldendal.Oslo: Gyldendal.
- Arnesen, Odd (1929-) (1984). Grønne vinger over Norge: Widerøe's flyveselskap A/S 50 år: 19. februar 1984. [Widerøe's flyveselskap].[Oslo]: [Widerøe's flyveselskap].