Halvor Hansson Flatland

norsk bonde og spelemann
(Omdirigert frå Halvor Flatland)

Halvor Hansson Flatland (185316. februar 1929) var ein norsk sjølveigarbonde og spelemann frå Bø i Telemark. Også far hans, Hans Hansson Flatland og broren Hans var vidkjende spelemenn i telemarksbygdene.

Halvor Hansson Flatland
Fødd1853 (171 år)
FødestadBø kommune
OpphavNoreg
Verka sombonde, felespelar
FarHans Flatland

Halvor Hansson Flatland, som eigde og dreiv garden Brukåsa i heimbyda, laga mellom anna Ligangaren og slåtten Apalhaugen. Han «han hadde stor evne til å forme ut slåttane. Han sat derfor inne med ein stor slåtterikdom, og han fekk læregutar av første klasse».[1] Spelemenn som Torkjell Haugerud og Halvor J.Lie lærde mykje av han.

Kjelder

endre

Notar

endre