Torkjell Haugerud

Torkjell Haugerud (23. februar 187621. november 1954) var ein norsk spelemann frå Bø i Telemark. Eivind Groven kalla han «ein av dei mest medvetne spelemennene i samtida».[treng kjelde]

Torkjell Haugerud
Fødd23. februar 1876
FødestadBø kommune
Død21. november 1954 (78 år)
OpphavNoreg
Verka sommusikar

Haugerud fekk spel av Leiv Sandsdalen og Halvor Flatland, og spela mykje av det gamle bøheringsspelet. Han var òg hjå Knut Dale etter spel. Samstundes var han jamnt på spelferd, og lærte spel av Ola Mosafinn og Tarjei Tvigyva, og av spelemenn i Buskerud og Valdres, mellom dei Olav Moe. Han spela mellom anna på den første landskappleiken i Bergen i 1904, der han fekk topp-plassering.

Haugerud kunne notar, og var tidleg ute med å skrive ned og samle slåttar, og gjorde eit godt tilfang av slåttenedskrifter etter seg sjølv og andre spelemenn i nedre Telemark. Han var difor esla til å vera med i redaksjonsnemnda for hardingfeleverket. Diverre rakk han ikkje så langt. Han vart operert for prostata i 1953 og døydde snart etter. Eivind Groven sørgde Haugerud med orda om at det nok gjekk mykje originalt slåttetilfang tapt med han.

Torkjell Haugerud var ein stilskapande spelemann som ofte spela ulikt frå gong til gong. Som Groven prøvde han ut nye felestille og dikta eigne slåttar. Av dei mest kjende er lyarslåtten Tårån i troppin, og springaren Jørånnatten, kalla opp etter eit fjell i Bø.

Hardingfeleverket har heile 106 slåttenedskrifter etter Torkjell Haugerud. Dette er det nest største tilfanget i verket.

Kjelder endre