Halvor Halvorsson Ophus

(Omdirigert frå Halvor Halvorsen Ophuus)

Halvor Halvorsen Ophuus (19. desember 17726. februar 1852) var ein norsk handverkar, gardbrukar og stortingsmann.

Halvor Halvorsson Ophus
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. desember 1772
Stor-Elvdal kommune
Død

6. februar 1852 (79 år)
Rauma kommune

Yrke bonde, politikar, vevar
Språk norsk
Religion Haugianarar

Halvor H. Ophuus vart fødd utanfor ekteskapet 19. desember 1772 i Storelvdal i Hedmark av Margrethe Jensdatter på Sønstu Ophuus. Far hans er i kyrkjeboka notert som gardbrukaren Halvor Torgarsen Gammelstu på Ophuus. Halvor Halvorsen vart etter konfirmasjonen utdanna til vevar og fargar ved ein «Enigheds-Fabrique» oppretta på Westgaard i Storelvdal av eit patriotisk selskap. Deretter reiste han til Trondheim, der han i 1796 fekk sveinebrev som særleg dyktig vevar og fargar hos ein fargemeister. Året etter gifta han seg med Berit Olsdatter fra Westgaard og slo seg ned som husmann under storgarden Trana i Steinkjer i Nord-Trøndelag, der han også drev aktiv som fargar og vevar. Halvor Halvorsen vart også særs interessera i gardsdrift. År 1800 kjøpte han garden Dyrstad i Egge, også Nord-Trøndelag, og heldt fram som gardbrukar med attåtsyslar. 1805 kjøpte han Nes i Grytten i Romsdal, og noko etter ein halvdel av garden Mjelva i same bygda. På Mjelva kunne han fritt drive verksemd som fargar og vevar da den andre part dreiv garden. Halvor Halvorsen Ophuus og Berit Olsdatter fekk ei dotter og ein son, Ole Johan. Dottera var Margrethe Halvorsdatter (fødd 1. november 1797) som så gifta seg med Niels Olsen frå nabogarden Devold. Dette vart opptakten til industrieventyret Devold i Ålesund da ekteparet flytta dit i 1818.

På stortinget 1815-16 var Ophus 4. representant frå Romsdals amt. Han var medlem av fire komitear, mellom anna av komiteen som forhandla om finans-, skatte-, bank- og pengevesenet. I 1815 vart Ophuus vald inn på Stortinget. På tinget 1815-1816 kom han med forslag om tvungen utskifting av garder med teigblanding. Han meinte at utskiftinga burde vore gjort før utgangen av 1816, og at bøndene burde få ei bot på 1 spesidalar for kvar månad til arbeidet var unnagjort. Utskiftingslova vart derimot ikkje vedteken før i 1821. Han nådde ikkje opp ved valet til 1818-tinget.

Ophuus var ein nær venn av Hans Nielsen Hauge.

Han døydde på Mjelva 6. februar 1852. Ole Halvorsson Mjelva var einaste son. Industripioneren Ole Andreas Devold i Ålesund var ein dotterson.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  • Ragnhild Hutchison, Enigheten – tekstilfabrikken i Østerdalen, hovudoppgåve UiO 2003.