Opna hovudmenyen

Egge er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Nord-Trøndelag, no ein del av Steinkjer. Opphavleg var han del av Stod formannskapsdistrikt (frå 1837), men blei skilt ut som eigen kommune den 1. januar 1869. Egge hadde då 941 innbyggjarar.

I 1948 blei ein del av Egge, med 48 innbyggjarar, overført til Steinkjer kommune.

1. januar 1964 blei Egge saman med Beitstad, Kvam, Ogndal, Sparbu, Steinkjer og Stod kommunar slått saman til dagens Steinkjer kommune. Egge hadde ved samanslåinga 3 476 innbyggjarar.

Kommunen hadde namn etter kyrkjestaden, den gamle storgarden Egge.