Ungdom er brukt om eit tidsrom då ein er større enn eit barn og mindre enn ein vaksen. Det er store skilnader på definisjonen av ungdom, men ein reknar gjerne med at tida startar rundt puberteten og blir avslutta når ein når ei viss symbolsk grense (som å bli myndig), gjennomfører ei overgangsrite, eller, meir diffust, blir «mogen». Ungdomsomgrepet kan òg nyttast som motsats til alderdom.

Tre ungdommar frå Mauritania.
Foto: Eric Studer

Ungdomstida er historisk sett eit nytt omgrep. I Noreg var ein til dømes barn til ein hadde «stått for presten» (blitt konfirmert). Deretter vart ein vaksen og då skulle ein i arbeid, gjerne i lære. Den nye velstanden på nittenhundretalet førte til at stadig fleire unge tok vidare utdanning og fekk meir tid for seg sjølv. Gruppene av unge skilde seg etter kvart så mykje ut at det gav meining å snakka om ein ungdomskultur.

«Halvvokstring» er eit eldre uttrykk for ein ungdom eller halvvaksen person.[1] Det kan til dømes visa til ein unggut som er for liten til å gjera vaksen manns arbeid. I eldre tid var halvvokstringar ofte sette til arbeid som gjeting, å springa ærend og anna arbeid som dei vaksne ikkje såg seg tid til.

Kjelder

endre
  1. «halvvokstring» i Nynorskordboka.; Gamle ord og uttrykk frå Rauland og Øyfjell, [Rauland]: Rauland historielag, 1996, s. 83 

Bakgrunnsstoff

endre
  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.