Mauritania

الجمهورية الإسلامية الموريتان
(Al-Jumhuriyah al-Islamiyah al-Muritaniyah)
République Islamique de Mauritanie

(norsk: Mauritania, mauritansk)

Det mauritanske flagget Det mauritanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Nachid al-kitab»
Motto شرف إخاء عدل (arabisk), Honneur, Fraternité, Justice ('Ære, brorskap, rettferd'
Geografisk plassering av Mauritania
Offisielle språk Arabisk
Hovudstad Nouakchott
Styresett
Republikk
Mohamed Ould Abdel Aziz
Yahya Ould Hademine
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
1 030 700 km² (28.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
3 758 571 (130.)
3,6 /km² (192.)
Sjølvstende
frå Frankrike
28. november 1960
Nasjonaldag 28. november
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
16 430 mill. USD (146.)
5 000 USD (143.)
Valuta Ouguiya
Tidssone UTC
Telefonkode +222
Toppnivådomene .mr


Mauritania er ein stat nordvest i Afrika. Det har kyst mot Atlanterhavet i vest og grense til Vest-Sahara (annektert av Marokko i nordvest, Algerie i nordaust, Mali i søraust og Senegal i sørvest. Hamnebyen Nouakchott er hovudstad og største by. Landet er kalla opp etter det gamle berbarriket og den seinare romerske provinsen Mauretania. Namnet betyr 'maurarlandet'.[1]

Kulturelt og politisk er landet del av den arabiske verda. Det er medlem av Den arabiske ligaen, og arabisk er det einaste offisielle språket. Grunna fortida som fransk koloni er også fransk utbreidd, og vert nytta som lingua franca. Den offisielle religionen er islam, og nesten alle innbyggjarane er sunnimiAuslimar. Trass i den arabiske identiteten er Mauritania eit fleiretnisk samfunn. Bidhan, eller såkalla «kvite maurarar», utgjer rundt 30 % av folketalet,[2] medan haratin, eller såkalla «svarte maurarar», utgjer rundt 40 %.[2] Begge gruppene reflekterer blandinga av arabisk-berbisk etnisitet, språk og kultur. Dei gjenverande 30 % av befolkninga er danna av ulike grupper knytte til Afrika sør for Sahara.

Kart over Mauritania

Trass i mange naturressursar, som jernmalm og petroleum, er Mauritania eit fattig land. Økonomien byggjer hovudsakleg på jordbruk, husdyrhald og fiske. Landet er kjend for fleire brot på menneskerettar, der særleg eit framhald av slaveri er verdt å merka seg. Slaveriet byggjer på eit historisk kastesystem mellom bidhan og haratin. Mauritania var det siste landet i verda til å avskaffa slaveri, i 1981, og gjorde det fyrst ulovleg å eiga slavar i 2007.

GeografiEndra

 
Fjell i Adrar-regionen; dette definerer landskapet i Mauritania.
 
Bareina, ein landsby sørvest i Mauritania

Mauritania er med sine 1 030 700 km² det 29. største landet i verda. Landområdet består for det meste av ufruktbare sletter i Sahara med nokre åsar i sentrale strøk. Den høgaste delen av landet er Adrarplatået i nordvest, der ein finn det høgaste punktet Kediet Ijill på 915 moh.[1] Det lågaste punktet er Sebkha de Ndrhamcha på 3 muh. Mauritania er eit tørt land med svært mykje ørken og få fjellområde. To tredelar av landet er dekt av Sahara-ørkenen, der det nesten aldri regnar og berre spreidde buskar kan overleva. Dette området er svært tynt folkesett, og opplever ekstreme temperatursvingingar. Bortsett frå i nokre wadiar og oasar er det ikkje noko vegetasjon her. Mendesantilope (addax) er einaste store pattedyret som lever her.[1]

Sahelbeltet og Senegalelva ligg lenger sør i landet, og er eit litt meir fruktbart område enn den enorme ørkenen i nord. Her finst det spreidd vegetasjon med tornebuskar, akasietre, gras og urter som kjem fram etter nedbør.[1] På desse steppeområda og halvørkenen finst det leopard, gaselle, vortesvin og struts.[1] Langs den langstrekte kysten er klimaet meir temperert, men også her er det svært lite nedbør, og området er tynt folkesett. I sørvest har landet ei tynn stripe savanne der det veks apebrødtre og gras. Her og ved Senegalelva finst det dyr som flodhest, elefant og løve.[1]

Det største miljøproblemet til Mauritania har sidan tørkeperiodane på 1960- og 70-talet vore ørkenspreiing, der stadig meir fruktbar mark blir dekt av golde sandsletter. Manglande kontroll med hogsten av den sparsame skogen fører til at jordsmonnet blir utarma, og jorda blæs vekk. Landet slit òg med manglande tilgang på reint vatn, både på grunn av sviktande nedbør og på grunn av manglande reinsing av kloakk og utslepp frå industrien.

KlimaEndra

 
Mauritania frå den internasjonale romstasjonen

Mauritania utgjer den vestlege delen av Sahara med ei kystlinje mot Atlanterhavet. Landet ligg mellom 15º og 27ºN, og har eit svært varmt og tørt klima det meste av året. Den sørlege halvdelen av landet kan få litt regn mellom juni og oktober når sørvestleg vind (den vest-afrikanske monsunen) fører fuktig luft inn frå Sør-Atlanteren. På denne tida av året er det meir skyer og lufta er forholdsvis fuktig. Resten av året kjem vinden stort sett frå nordaust, og fører med seg svært varm og av og til støvete og disig luft frå dei nordlege områda av Sahara. Denne vinden vert kalla harmattan.

Det nordlege området av landet er så godt som heilt tørt, men kan få ei regnbye og to når som helst på året. Ved kysten kjem regnet hovudsakleg frå juli til oktober, og Nouakchott som ligg her har ein årleg nedbørsnormal på 153 mm, der det aller meste kjem i august. Heilt sør i landet ligg den årlege normalen mellom 300 og 375 mm, men dette varierer frå år til år. Dette regnet er ikkje nok til å drive jordbruk sidan det kjem på den varmaste tida av året.

Store delar av året er klimaet ubehageleg på grunn av sterk varme og tørre forhold. Det er litt kjøligare på kysten, men her er det samtidig meir fukt.

HistorieEndra

 
Petroglyfar i Mauritania.

For omkring 3500 år sidan var Sahara-ørkenen fruktbar slettelandskap, med rikt dyre- og planteliv og spreidde busetjingar. Frå 200-talet til 600-talet kom berbarar frå Nord-Afrika og fordreiv den opphavlege folkegruppa i området, bauforane. Frå 800-talet vart dei sørlege områda av dagens Mauritania dominerte av imperium i Mali og Ghana, medan nordområda vart vart nnlemma i det muslimske Almoravid-riket. I 1076 hadde arabiske, islamske krigarmunkar (almoravidane eller al Murabitun) erobra den sørlege delen av området frå Ghanariket. I løpet av dei neste 500 åra overtok arabarar området mot heftig motstand frå berbarane. På 1500-talet erobra marokkanske styrkar store delar av landet og innførte arabisk språk, kultur og samfunnsorganisering. Omtrent samtidig byrja europeiske stormakter å etablera mellombelse handelsstasjonar langs heile den vestafrikanske kyststripa. Under Wien-konferansen i 1815 vart Frankrike tilkjent full kontroll over kyststripa i dagens Mauritania og Senegal.

 
Forsøk på å transportera kanon på kamel tidleg på 1900-talet.

Frankrike koloniserte området på 1900-talet. Mauritania vart del av den franske Vest-Afrikaføderasjonen AOF i 1920, før landet vart uavhengig i 1960. I 1975 gjekk Mauritania inn i Vest-Sahara for å forhindra at Marokko skulle utvida området sitt sørover. Etter langvarige kampar mot den vestsahariske frigjeringsbevegelsen Polisario og eit militærkupp i 1978, trekte landet seg ut av Vest-Sahara. Ei rekke militærkupp har endra maktforholda i landet. I fleire tiår var landet styrt udemokratisk av skiftande regjeringar, fram til 2005, då regjeringa vart avsett av militæret. I 2007 hadde det det fyrste demokratiske valet sitt sidan 1960. Sidi Ould Cheikh Abdallahi vart vald til president. I august 2008 vart den demokratisk valde regjeringa styrta og det vart innsett ein militærjunta under leiing av general Mohamed Ould Abdel Aziz. Han vann to påfølgjande presidentval i 2009 og 2014.[3] Aziz vart etterfølgd av Mohamed Ould Ghazouani ved valet i 2019, som er rekna som den fyrste fredelege maktoverføringa i Mauritania sidan landet fekk sjølvstende.[4]

 
Markering av femtiårsjubileet for sjølvstende med kunst.

SamfunnEndra

FolkesetnadEndra

 
Syngande haratin-kvinner i 2015.

I 2018 hadde Mauritania rundt 4,3 millionar innbyggjarar. Dei største lokale folkegruppene er bidhan, haratin og vestafrikanarar. 30 % av innbyggjarane er bidhanar, 40 % haratinar og 30 % andre (hovudskleg frå Afrika sør for Sahara). Bidhanar snakkar hassaniya-arabisk og har hovudsakleg arabisk-berbisk opphav. Haratinar stammar frå dei opphavlege innbyggjarane i Tassili n'Ajjer og Acacus-fjella i epipaleolittisk tid.[5][6] Dei fleste av dei gjenverande innbyggjarane er ulike vestafrikanske folkegrupper, som halpulaar (fulaniar), soninke, bambara og wolof.[2]

ReligionEndra

 
Utsyn over gamlebyen og moskeen i Chinguetti.

Nesten 100 % av innbyggarane i Mauritania er muslimar, og dei fleste er sunnimuslimar.[2] Sufilinjer som tijaniyah og qadiriyyah har sterk innverknad både her i landet og i nabolanda Marokko, Algerie, Senegal og andre naboland. Det katolske bispedømet Nouakchott blei skipa i 1965 og tener rundt dei 4 500 katolikkane i Mauritania.

Mauritania har ekstreme avgrensingar av trusfridom. Det er eitt av tretten land i verda som har dødsstraff for ateisme.[7] Ein kan også straffast med bøter eller fengselsstraft for «å fornærma offentlege søme og islamske verdiar» og for å «bryta Allah sine forbod» eller bidra til slike brot.[8]

SpråkEndra

Arabisk er offisielt språk i Mauritania. Den lokale varianten av arabisk, som er kjend som hassaniya, inneheld mange berbarord og skil seg mykje frå moderne standardarabisk som vert brukt til offisiell kommunikasjon. Pulaar (fulfulde), soninke og wolof er også nasjonale språk.[2] Fransk er utbreidd i media og blant velutdanna klassar.[9]

MenneskerettarEndra

Mauritania har mange problem med brot på menneskerettane. Sexisme, rasisme, kjønnslemlesting, barnearbeid, menneskehandel, politisk undertrykking og politisk marginalisering av særleg sørlege folkegrupper har vore langvarige problem.[10] Homofili er ulovleg og kan straffast med dødsstraff.[11] Landet har også dødsstraff for ateisme.[7] I 2018 vedtok parlamentet ein lov som gjorde dødsstraff påboden for einkvan som vart dømd for «blasfemisk tale» og hendingar rekna som «heilagbrøde». Loven avskaffa eit tidlegare smutthol der dødsstraff kunne erstattast med fengselsstraff for nokre lovbrot av denne typen dersom den skulda angra straks. Han innførte også fengselsstraff på opptil to år og ein bot på opptil 600 000 ouguiya (ca. 14 630 euro) for «å fornærma offentlege søme og islamske verdiar» og for å «bryta Allah sine forbod» eller bidra til slike brot.

Amnesty International har skulda rettssystemet i Mauritania for manglande respekt for rettsprosedyre, rettferdige rettssaker og human fengsling. Ifølgje Amnesty har styresmaktene i landet drive med institusjonalisert tortur gjennom heile historia si etter sjølvstendet.[12][13][14]

SlaveriEndra

 
L’Malouma Said, tidlegare slave, slaverimotstandar og medgrunnleggjar av organisasjonen S.O.S. Esclaves.

Slaveri har halde fram i Mauritania til moderne tid, sjølv om det no er ulovleg.[15] Det byggjer på eit historisk kastesystem der slaveri følgjer avstamming.[15][16] Dei som blir haldne som slavar er dei typisk mørkhuda haratinane, medan dei som eig slavar er dei meir lyshuda bidhanane.[16]

Den franske kolinstyresmakta erklærte ein slutt på slaveriet i 1905, med svært liten suksess.[17] Sjølv om det offisielt vart avskaffa i 1981, var det ikkje ulovleg å eiga slavar før i 2007. Kritikarar har peikt på at loven mot slaveri ikkje er blitt handhevar.[18] Ein reportasje frå 2020 nemnde døme på at ungar som hadde rømd frå slaveri vart sende tilbake til herrane sine.[16]

Eit estimat frå 2012 rekna med at 10-20 % av befolkninga i Mauritania (mellom 340 000 og 680 000 menneske) levde i slaveri.[19] Dette året hevda ein minister at slaveri ikkje lenger eksisterte i Mauritania.[20] I 2018 estimerte Walk Free Foundation sitt Global Slavery Index at det var rundt 90 000 folk som var slavar i Mauritania, rundt 2 % av innbyggjarane.[21]

Hinder for å få bukt med slaveriet i Mauritania kan vera vanskar med å handheva lovverket i dei store ørkenområda i landet,[19] fattigdom som gjer det vanskeleg for frigjorte slavar å forsørga seg,[19] og ei tru p på at slaveri er del av den naturlege ordninga av dette samfunnet.[19]

KulturEndra

 
Teservering i eit mauritanske telt i 2020.

T'heydinn er ein del av maurisk munnleg tradisjon rekna som immateriell kulturarv av UNESCO.[22]

Biblioteka i Chinguetti inneheld tusentals mellomaldermanuskript.[23][24][25]

Tuaregiske og mauritanske sølsvmedar har utvikla smykke og metallarbeid som kan brukast av mauritanske kvinner og menn. Studiar av tuaregiske og mauritanske smykke har vist at sistnemnde gjerne er meir forseggjorte og kan typiske pyramide-element.[26]

GalleriEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Thuesen, Nils Petter (17. januar 2022). «Mauritania». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «Mauritania - The World Factbook». www.cia.gov. Henta 27. juli 2021. 
  3. Diagana, Kissima (23. juni 2019). «Ruling party candidate declared winner of Mauritania election». Reuters. Henta 6. mars 2021. 
  4. «First peaceful transfer of power in Mauritania's presidential polls». RFI (på engelsk). 22. juni 2019. Henta 27. juli 2021. 
  5. Anthony Appiah; Henry Louis Gates (2010). Encyclopedia of Africa. Oxford University Press. p. 549. ISBN 978-0-19-533770-9., Quote: "Haratine. Social caste in several northwestern African countries consisting of blacks, many of whom are former slaves (...)"
  6. Gast, M. (2000). "Harṭâni". Encyclopédie berbère - Hadrumetum – Hidjaba. 22.
  7. 7,0 7,1 Evans, Robert (9. desember 2012). «Atheists around world suffer persecution, discrimination: report». Reuters. Arkivert frå originalen 2. oktober 2015. Henta 7. januar 2015. 
  8. Mehta, Hemant (17 May 2018). «Mauritania Passes Law Mandating Death Penalty for "Blasphemy"». Patheos. Arkivert frå originalen 17. mai 2018. Henta 17. mai 2018. 
  9. «Mauritania: Encyclopædia Britannica». Arkivert frå originalen 9. april 2019. Henta 27. februar 2016. 
  10. Mauritania. Country Reports on Human Rights Practices – 2007 Arkivert 22. mai 2020 ved Wayback Machine., US State Department, 11. mars 2008. Henta 20. mars 2012.
  11. «LGBT relationships are illegal in 74 countries, research finds». The Independent. 17. mai 2016. Arkivert frå originalen 27. august 2017. Henta 7. juni 2020. 
  12. Mauritania: Prisoner Confessions Extracted Through Torture Says Amnesty International Arkivert 6 October 2012 ved Wayback Machine., IRIN: 3 December 2008
  13. Sillah, Ebrimah. Mauritania: 'Chains Are Jewellery for Men' Arkivert 6. oktober 2012 ved Wayback Machine., Inter Press Service, 3 December 2008.
  14. Mauritania: Torture at the heart of the state Arkivert 18. september 2016 ved Wayback Machine. . Amnesty International. 3. desember 2008. Index Number: AFR 38/009/2008.
  15. 15,0 15,1 «The unspeakable truth about slavery in Mauritania». The Guardian. 8. juni 2018. Arkivert frå originalen 25 August 2018. 
  16. 16,0 16,1 16,2 Peyton, Nellie (27. februar 2020). «Activists warn over slavery as Mauritania joins U.N. human rights council». Reuters. Henta 10. juni 2020. 
  17. John D. Sutter (March 2012). «Slavery's Last Stronghold» (på engelsk). CNN. Arkivert frå originalen 18 December 2017. Henta 25 June 2017. 
  18. 2010 Human Rights Report: Mauritania Arkivert 4 June 2019 ved Wayback Machine.. State.gov (8 April 2011). Retrieved 20 March 2012.
  19. 19,0 19,1 19,2 19,3 Slavery's last stronghold Arkivert 20 March 2012 ved Wayback Machine.. CNN.com (16 March 2012). Retrieved 20 March 2012.
  20. «Mauritanian minister responds to accusations that slavery is rampant». CNN. 17 March 2012. Arkivert frå originalen 20 March 2012. Henta 19. mars 2012. I must tell you that in Mauritania, freedom is total: freedom of thought, equality – of all men and women of Mauritania... in all cases, especially with this government, this is in the past. There are probably former relationships – slavery relationships and familial relationships from old days and of the older generations, maybe, or descendants who wish to continue to be in relationships with descendants of their old masters, for familial reasons, or out of affinity, and maybe also for economic interests. But (slavery) is something that is totally finished. All people are free in Mauritania and this phenomenon no longer exists. And I believe that I can tell you that no one profits from this commerce. 
  21. «Country Data | Global Slavery Index Mauritania», Global Slavery Index (Walk Free Foundation), 2018, arkivert frå originalen 20 May 2020, henta 6. januar 2019 
  22. «UNESCO - Moorish epic T'heydinn». ich.unesco.org (på engelsk). Arkivert frå originalen 26 May 2020. Henta 11. januar 2020. 
  23. «Mauritanian manuscripts preserved through digital technology». www.efe.com (på engelsk). Arkivert frå originalen 11. januar 2020. Henta 11. januar 2020. 
  24. Mandraud, Isabelle (27. juli 2010). «Mauritania's hidden manuscripts». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Arkivert frå originalen 10. mai 2020. Henta 11. januar 2020. 
  25. «The Libraries of Chinguetti». Atlas Obscura (på engelsk). Arkivert frå originalen 26. juli 2018. Henta 11. januar 2020. 
  26. Liu, Robert K. (2018). «Tuareg amulets and crosses: Saharan/Sahelian innovation and aesthetics». Ornament (pdf) 40 (3): 58–63. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Mauritania