Hammersborgtunnelen
Hammerborgtunnelen er ein 220 meter lang aust-vestgåande tunnel i to løp i gatesystemet Ring 1 i Oslo, mellom dei delane av Pilestredet i vest og Hammersborggata i aust som høyrer til Ring 1.
Tunnelen vart bygd i open byggjegrop, og vart opna for trafikk i januar 1990. Han går under eit område med fleire kontorblokker, og under Akersgata, og har den austre munningen liggjande under det «lokket» som utgjer Arne Garborgs plass i Regjeringskvartalet framfor Deichmanske bibliotek. Frå det austgåande løpet i tunnelen er det samband til eit stort parkeringshus i fleire høgder under gateplanet.
Tunnelen har namn etter stroket Hammersborg, som ligg nord for den austre tunnelmunningen.
Kjelder
endre- Oslo byleksikon, femte utgåva, side 230. Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 978-82-573-1760-7