Opna hovudmenyen

Hammurabi (1700-talet f.Kr) var ein av kongane i det amorittiske dynastiet i Babylonia. Hammurabi erobra store område som gjorde at riket fekk ei stordomstid, men denne oppblomstringa vart kortvarig. Han erobra mellom anna Mari og samla bystatane Ur, Uruk og Lagash til eit semittisk rike med Babylon som hovudstad. Hammurabi sørgde for at forvaltinga vart teken hand om, og han oppførte store bygningar og vatningsanlegg. Etter at han døydde fall storriket etter kvart saman under press frå folk i Vesleasia.

Hammurabi
Milkau Oberer Teil der Stele mit dem Text von Hammurapis Gesetzescode 369-2.png
Fødd 1810 f.Kr. (juliansk)
Babylonia
Død

1750 f.Kr. (juliansk)
Babylonia

Yrke overhode
Hammurabi på Commons
Code-de-Hammurabi-2.jpg

Han vert likevel hugsa mest for lovsamlinga han skreiv (Hammurabis lover) og lét risse inn på den store stelen under eit bilete av seg sjølv saman med guden Sjamasj. Nedteikninga inneheld rundt 280 lovar.

KjelderEndra