Hamra i Bik'at HaYarden
(Omdirigert frå Hamra, Bik'at HaYarden)
Hamra (hebraisk skrift חַמְרָה, tyder 'Raud jord') er ein moshav og israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg i Jordandalen og dekkjer 3 500 mål og høyrer til Bik'at HaYarden regionale kommune. I 2006 hadde han 132 innbyggjarar.
Hamra | |||
moshav | |||
Region | Vestbreidda | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Judea- og Samaria-området | ||
Kommune | Bik'at HaYarden | ||
Koordinatar | |||
Grunnlagd | 1971 | ||
Tilhøyrsle | Jordbruksunionen | ||
![]() Hamra i Bik'at HaYarden | |||
Wikimedia Commons: Hamra, Bik'at HaYarden | |||
Moshaven vart grunnlagd i 1971 og heitte først Atarot, før han fekk namn etter den nærliggande Tel Hamra.
Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[1]
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Hamra, Bik'at HaYarden» frå Wikipedia på engelsk, den 16. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010.