Han Kang
Han Kang (fødd 27. november 1970) er ein forfattar frå Sør-Korea. I 2024 vart ho tildelt Nobelprisen i litteratur «for hennar intensive poetiske prosa, som konfronterer historia sine traumer og blottlegg menneska si sårbarheit».[1]
Han Kang | |
Fødenamn | 한강 |
Statsborgarskap | Sør-Korea |
Fødd | 27. november 1970 (54 år) Gwangju |
Yrke | skribent, romanforfattar, journalist |
Språk | koreansk |
Sjanger | roman, novelle, essay |
Far | Han Seung-won |
Prisar | Den internasjonale Booker-prisen (2016) (for The Vegetarian) Nobelprisen i litteratur (2024) |
Han Kang på Commons |
Ho har skrive romanar, noveller og diktsamlingar, og fekk sitt internasjonale gjennombrot med romanen 채식주의자 (Vegetarianeren), som i engelsk omsetjing i 2016 vann den internasjonale Bookerprisen.[2] Fleire av bøkene hennar er omsette til bokmål sidan 2017.
I 2019 var ho gjest ved Norsk Litteraturfestival på Lillehammer, og vart der den femte forfattaren innlemma i Fremtidsbiblioteket.[3]
Kang er dotter av den sørkoreanske forfattaren Han Seung-won, og bror av forfattaren Han Dong-rim.
Bøker omsett til norsk
endre- Leksjoner i gresk (roman) omsett av Jarne Byhre, Pax 2023 ISBN 978-82-530-4366-1
- Dette er ikke farvel omsett av Jarne Byhre, Pax 2022
- Hvit (biografisk roman) omsett av Jarne Byhre, Pax 2019 ISBN 978-82-530-4085-1
- Vegetarianeren omsett av Vivian Evelina Øverås, Pax 2018 ISBN 978-82-530-3986-2
- Levende og døde (roman) omsett av Vivian Evelina Øverås, Pax 2017 ISBN 978-82-530-3922-0
Kjelder
endre- ↑ «The Nobel Prize in Literature 2024». NobelPrize.org (på engelsk). Henta 10. oktober 2024.
- ↑ The Man Booker International Prize. «The Vegetarian» (på engelsk). The Man Booker International Prize 2016. Henta 10. oktober 2024.
- ↑ Carlsen, Marianne Rustad (20. oktober 2019), «Karl Ove Knausgård inn i fremtidsbiblioteket - skriver bok som ikke får leses før om hundre år», NRK (på norsk bokmål), henta 10. oktober 2024