Hanamatsuri eller kanbutsue er ei buddhistisk, hovudsakleg japansk, høgtid som markerer fødselsdagen til Buddha. Dette er også ei blomehøgtid, noko som er den bokstavelege tydinga av «hanamatsuri».

Buddha-skulptur under eit blometak på hanamatsuri.

Dagen blir feira den 8. april kvart år, til forskjell frå andre buddhistiske tradisjonar som følgjer kalender der fødselsdagen til Buddha flytter seg i høve til den gregorianske kalenderen.

Ein drikk tradisjonelt ama-cha, som er laga av ein type hortensia, på denne dagen.

Sjå og endre

Bakgrunnsstoff endre