Handan
Hándān (邯郸) er ein kinesisk storby og eit byprefektur sør i provinsen Hebei. Folketalet er rekna til rundt 8,5 millionar, med 1,39 millionar i bykjernen (2004).[treng kjelde]
Handan | |
---|---|
Gate i Handan. | |
Styresmakter | |
Land Provins |
Folkerepublikken Kina Hebei |
Geografi | |
Flatevidd | 12 065,47 km² |
Flatevidd - By |
12000 km² |
Innbyggjarar - By (2004) |
8,499,000 |
Koordinatar | 36°36′N 114°29′E / 36.600°N 114.483°E |
Tidssone | UTC + 8 (UTC+8) |
Diverse anna | |
Bilnummer | D |
Heimeside: http://hd.gov.cn | |
Plassering | |
- Sjå òg fylket Handan.
Byen har i dag stålindustri, takka vere steinkolbrota i området.
Historie
endreArkeologiske funn viser at soga til byen går tilbake til byrjinga av Shang-dynastiet. Under krigarrika-tida på 300- og 200-talet f.Kr. var han hovudstad for staten Zhao (趙).
Byen vart erobra av Qin etter at så godt som heile Zhao var blitt annektert av Qin (bortsett frå Dai-kommanderiet). Kongen Qin Shi Huang vitja byen éin gong, og gav då ordre om at alle fiendar av mor hans skulle gravleggast levande.
Administrativ inndeling
endreHandan har fire bydistrikt, fjorten fylke og eitt byfylke:
- Bydistriktet Congtai (丛台区/叢台區), 28 km², ca. 330 000 innbyggarar (2003)
- Bydistriktet Hanshan (邯山区/邯山區), 32 km², ca. 290 000 innbyggarar (2003)
- Bydistriktet Fuxing (复兴区/復興區), 37 km², ca. 250 000 innbyggarar (2003)
- Bydistriktet Fengfengkuang (峰峰矿区/峰峰礦區), 353 km², ca. 500 000 innbyggarar (2003)
- Fylket Handan (邯郸县/邯鄲縣), 522 km², ca. 380 000 innbyggarar (2003)
- Fylket Linzhang (临漳县/臨漳縣), 744 km², ca. 580 000 innbyggarar (2003)
- Fylket Cheng'an (成安县/成安縣), 485 km², ca. 360 000 innbyggarar (2003)
- Fylket Daming (大名县/大名縣), 1.052 km², ca. 740 000 innbyggarar (2003)
- Fylket She (涉县/涉縣), 1.509 km², ca. 380 000 innbyggarar (2003)
- Fylket Ci (磁县/磁縣), 1.035 km², ca. 630 000 innbyggarar (2003)
- Fylket Feixiang (肥乡县/肥鄉縣), 496 km², ca. 310 000 innbyggarar (2003)
- Fylket Yongnian (永年县/永年縣), 898 km², ca. 830 000 innbyggarar (2003)
- Fylket Qiu (邱县/邱縣), 448 km², ca. 200 000 innbyggarar (2003)
- Fylket Jize (鸡泽县/雞澤縣), 337 km², ca. 250 000 innbyggarar (2003)
- Fylket Guangping (广平县/廣平縣), 320 km², ca. 250 000 innbyggarar (2003)
- Fylket Guantao (馆陶县/館陶縣), 456 km², ca. 290 000 innbyggarar (2003)
- Fylket Wei (魏县/魏縣), 862 km², ca. 800 000 innbyggarar (2003)
- Fylket Quzhou (曲周县/曲周縣), 667 km², ca. 400 000 innbyggarar (2003)
- Byfylket Wu'an (武安市/武安市), 1806 km², ca. 710 000 innbyggarar (2003)
Folk frå Handan
endre- Qin Shi Huangdi, Kina sin første keisar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Handan» frå Wikipedia på bokmål, den 28. september 2009.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |