Qin Shi Huangdi

(Omdirigert frå Qin Shi Huang)

Qín Shǐ Huángdì[a] (259 f.Kr.-210 f.Kr.) var den fjerde kongen av Qin-dynastiet og den første keisaren av Kina. Han er rekna som den som sameinte Kina, og stod for store prosjekt, som første bygginga av den kinesiske muren, eit stort nasjonalt vegsystem og eit mausoleum vakta av ein veldig terrakottahær. Saman med rådgjevaren Li Si utførte han også fleire økonomiske og politiske reformer. Men ettermælet til Qín Shǐ Huángdì er blanda. Han var ein autokratisk og tyrannisk herskar som tok mange liv og forbaud konfusianisme. Den best kjende hendinga, «brenning av bøker og gravlegging av lærde», er blitt eit kinesisk ordspråk.

Qin Shi Huangdi
Qinshihuangdi3.jpg
Føddca. 259 f.Kr.
FødestadHandan
Død10. september 210 f.Kr.
DødsstadXi'an
Gravstadmausoleet til Qin Shi Huangdi
DynastiQin-dynastiet
FarZhuangxiang av Qin
MorZhao Ji
Bornprins Jianglü, prins Gao, Ziying, Qin Er Shi Huangdi, Fusu

Keisaren vart fødd som Ying Zheng i Handan i det som nå er Hebei. Han krona seg til keisar i 221 f.Kr..

MerknadarEndra

  1. kinesisk 秦始皇帝, uttale

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Qin Shi Huangdi