Handball-EM 2000 for menn

Europameisterskapen i handball 2000 for menn, den 4. i rekka, vart avvikla i dagane frå 21. til 30. januar 2000 i Kroatia. 12 land deltok i turneringa: Danmark, Frankrike, Island, Kroatia, Noreg, Portugal, Russland, Slovenia, Spania, Sverige, Tyskland og Ukraina.

Turneringa fann stad i Zagreb og Rijeka.

Noreg enda på åttandeplassen, etter å ha tapt i ekstraomgangar mot Portugal.

Gull, sølv og bronse

endre

Sverige vann EM-gull ved å vinne med sluttsiffera 32–31, etter ein kamp som fyrst vart avgjort etter to doble ekstraomgangar. Etter det stod 4–4 drog Russland ifrå og leia heile 15–9 ved pause. I den andre omgangen reduserte Sverige leiinga og var i kapp på 18–18. Deretter var Sverige oppe i tomålsleiing, men då ordinær tid var ute var laga jamne på 24–24. Etter dei to fyrste ekstraomgangane stod det framleis likt: 27–27. Dei siste minutta av kampen fekk Sverige overtaket og kunne sikre seg sin andre europameister-pokal.

Sveriges og finalens toppskårar vart Magnus Wislander med sine 10 fulltreffarar. Elles skåra Pierre Thorson 6 gongar, Stefan Lövgren og Lubomir Vranjes, kvar sine 5 mål, Mathias Franzen 3, Andreas Larsson 2 og Staffan Olsson 1 mål. Magnus Andersson og Ola Lindgren kom ikkje på skåringslista. Peter Gentzel og Tomas Svensson var målvakter. Med sine 6 nettkjenningar vart Dmitrij Filippov toppskårar for Russland.

7 500 tilskodarar på tribunane under finalen.

I kampen om bronsemedaljane sigra Spania 24–23 mot Frankrike.

Kjelder

endre