Per Ola Markus Lindgren (fødd 29. februar 1964) er ein svensk tidlegare handballspelar frå Halmstad. Han var opphavleg venstre rykkromspelar på det svenske landslaget som i perioden 1990-2002 vann to VM-gull og fire EM-gull, siste åra var han mest linjespelar. Saman med Staffan Olsson var han Sveriges landslagssjef frå 2008 til 2016.

Ola Lindgren


Statsborgarskap Sverige
Fødd 29. februar 1964 (60 år)
Halmstad
Idrett handball
Tok del i Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Karriere

endre

Klubbspel

endre

Lindgren var aktiv med HK Drott i periodane 1981-90 og 1992-95. Fire gongar vart han svensk meister med laget frå heimbyen Halmstad. Elles gjorde han teneste for dei tyske laga Dutenhofen (HSG Wetzlar) 1990-92, HSV Düsseldorf (1995-98) og HSG Nordhorn (1998-2003). I mange av dei seinare sesongane var han stort sett forsvarsspelar.

Landslagsspel

endre

Lindgren fekk sin landslagsdebut i 1986. Fram til 2003 deltok han i 376 landskampar for Sverige, skåra 482 mål. Åra frå 1990 til 2002 sanka han heile 13 medaljar i ulike internasjonale meisterskap, deltok i fire VM-finalar, tapte tre OL-finalar, og sigra i fire EM-finalar. Sidan han for det meste stod i forsvaret skåra han få eller ingen mål i dei avgjerande kampane i dei store turneringane.

Merittar

endre
  • VM 1990: Gullmedalje, 27-23 mot Sovjetunionen
  • Sommar-OL 1992: Sølvmedalje, 20-22 mot «Sovjetunionen»
  • VM 1993: Bronsemedalje, 26-19 over Sveits
  • EM 1994: Gullmedalje, 34-21 over Russland
  • VM 1995: Bronsemedalje, 26-20 mot Tyskland
  • Sommar-OL 1996: Sølvmedalje, 26-27 mot Kroatia
  • VM 1997: Sølvmedalje, 21-23 mot Russland
  • EM 1998: Gullmedalje, 25-23 mot Spania
  • VM 1999: Gullmedalje, 25-24 mot Russland
  • EM 2000: Gullmedalje, 32-31 mot Russland
  • Sommar-OL 2000: Sølvmedalje, 26-28 mot Russland
  • VM 2001: Sølvmedalje, etter 25-28 mot Frankrike
  • EM 2002: Gullmedalje, 33-31 mot Tyskland
  • Svensk meister: 1984, 1988, 1990 og 1994 med HK Drott

Kjelder

endre