Per Magnus Andersson (fødd 17. mai 1966) er ein svensk tidlegare handballspelar frå Linköping. Han var midtre rykkromspelar på det svenske landslaget som i perioden 1990-2002 vann to VM-gull og fire EM-gull.

Magnus Andersson


Statsborgarskap Sverige
Fødd 17. mai 1966 (58 år)
Linköping
Idrett handball
Tok del i Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Karriere

endre

Klubbspel

endre

Andersson slo gjennom med HK Drott frå Halmstad, ein klubb han fyrst spelte for i tida 1987-91. Sesongen 1991/92 var han aktiv i Stavanger IF, eit lag som kom på andreplass i den norske eliteserien. Sidan gjorde han 1992/93 og 1995-97 teneste i tyske TuS Schutterwald og 1997/98 i GWD Minden. Elles spelte han på HK Drott i 1993-95 og 1998-2003. Over åra vart han seks gongar svensk seriemeister med Drott, fyrste gongen i 1988 og siste gongen i 2002. Våren 2001 hadde han eit mellomspel med Ademar León, der han var med å sikre sigeren i den nasjonale ligaen for den spanske storklubben.

Landslagsspel

endre

Andersson deltok frå 1988 og 2003 i 310 av Sveriges landskampar, skåra 919 mål. Åra frå 1990 til 2002 sanka han heile 13 medaljar i ulike internasjonale meisterskap, deltok i fire VM-finalar, tapte tre OL-finalar, og sigra i fire EM-finalar. Han vart verdsmeister 1990, europameister 1994 og 1998, verdsmeister 1999 og europameister 2000 og 2002. Som den sentrale spelstyraren i mannskapet skåra han heller få mål i finalane.

Merittar

endre
  • VM 1990: Gullmedalje, 27-23 mot Sovjetunionen
  • Sommar-OL 1992: Sølvmedalje, 20-22 mot «Sovjetunionen»
  • VM 1993: Bronsemedalje, 26-19 over Sveits
  • EM 1994: Gullmedalje, 34-21 over Russland
  • VM 1995: Bronsemedalje, 26-20 mot Tyskland
  • Sommar-OL 1996: Sølvmedalje, 26-27 mot Kroatia
  • VM 1997: Sølvmedalje, 21-23 mot Russland
  • EM 1998: Gullmedalje, 25-23 mot Spania
  • VM 1999: Gullmedalje, 25-24 mot Russland
  • Sommar-OL 2000: Sølvmedalje, 26-28 mot Russland
  • EM 2000: Gullmedalje, 32-31 mot Russland
  • VM 2001: Sølvmedalje, 25-28 mot Frankrike
  • EM 2002: Gullmedalje, 33-31 mot Tyskland
  • Finalist i EHF-cupvinnarcupen: 1990 for HK Drott, tap 42–45 mot Teka Santander
  • Svensk seriemeister: 1988, 1990, 1991, 1994, 1999, 2002 for HK Drott
  • Svensk cupmeister: 1990 for HK Drott
  • Spansk seriemeister: 2001 for Ademar León

Kjelder

endre