Handball-NM 1976 for kvinner

Noregsmeisterskapen i handball 1976 for kvinner vart vunne av Idrettslaget Vestar etter finalesiger 15-9 over Sverresborg Idrettsforening. Det var Vestars fyrste triumf i NM-cupen og Sverresborgs fyrste cupfinale.

Finalen endre

Finalen vart avvikla i Mossehallen i Moss laurdag 11. desember 1976 framfor 250 tilskodarar. Vestar tok kommandoen i kampen frå start og leia 11-5 ved pause, i den andre omgangen auka laget frå Oslo leiinga med to mål slik at sluttresultatet vart 15-9.

Målskårarar for Vestar var Karen Fladset med 5 nettkjenningar, Berit Urdal 3, Anne Gangsø og Anne Eriksen 2, medan Unni Anisdahl, Grethe Tønnesen og Kari Aagaard skåra 1 kvar.

Seks av Sverresborg sine mål kom ved Åse Nygård, elles skåra Inger Sundal, May-Britt Sætre og Tove Haugen kvar sitt mål.

Kai Huseby og Arne Kristiansen dømde kampen.

Kjelder endre