Handball-NM 1991/Kvinner

Noregsmeisterskapen i handball 1991 for kvinner vart vunne av Byåsen Idrettslag etter finalesiger 20 – 19 over Bækkelagets Sportsklub.

SemifinalaneEndra

  • Gjerpen IF – Byåsen IL 23 – 33
  • Bækkelaget SK – Sjetne IL 16 – 15

FinalenEndra

Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum 22. desember 1991 framfor 6 060 tilskodarar. Byåsen leia 9 – 8 ved pause, etter ordinær tid stod det 16 – 16. Dermed måtte to ekstraomgangar til før Byåsen-kapteinen kunne heve kongepokalen etter laget hadde skåra 20 mål mot Bækkelaget sine 19.

Byåsen sine målskårarar var Trine Haltvik (8), Karin Pettersen (4), Mona Dahle (3), Kari Solem og Mia Hermansson-Högdahl (2), samt Kate Mogseth. Hege Frøseth var målvakt. Også Linn Tømmerdal, Gry Haltvik, Liv Skaug, Ann Cathrin Eriksen og Cathrine Nilsen var finalemannskap.

For Bækkelaget netta Kjersti Grini (9), Susann Goksør (5), Gitte Madsen (3), og Vibeke Cook Jensen og Lisbeth Kløvstad (1).

KjelderEndra

  • NTB, 23. desember 1991