Karin Pettersen

norsk handballspelar

Karin Pettersen, gift Karin Ryen, (fødd 21. november 1964) er ein norsk tidlegare handballlspelar frå Frosta som vann to OL-sølv og to VM-bronsar i tida 1986-93. Ho spelte fyrst på Frosta Idrettslag og sidan på Trondheims-laget Byåsen IL.

Karin Pettersen
Fødd 21. november 1964 (56 år)
Frosta
Yrke handballspelar

Pettersen debuterte på Noregs landslag i ein kamp mot Danmark den 21. februar 1984. I desember 1986 var ho med då Noreg overraskande vann bronsemedaljen under handball-VM i Nederland. Ho var med å vinne sølvmedalje både under Sommar-OL 1988 i Seoul og Sommar-OL 1992 i Barcelona. Etter 1988 var Byåsen-spelaren den sentrale playmakeren (spelesjefen) i angrepsspelet til Noregs landslag. Då Noreg på heimebane vann bronsemedaljen i handball-VM 1993 etter 20-19 mot Romania, var Susann Goksør i ferd med å ta over den rolla i laget.

Pettersen spelte 250 landskampar for Noreg og skåra 546 mål.

KjelderEndra