Ann Cathrin Eriksen

Ann Cathrin Eriksen (fødd 9. september 1971) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Bodø som vann EM-gull 1998, VM-gull 1999 og OL-bronse i 2000.

Ann Cathrin Eriksen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. september 1971 (52 år)
Bodø
Yrke handballspelar
Høgd 177 centimeter

Kantspelaren melde seg inn i topplaget Byåsen IL i 1990, og spelte på laget frå Trondheim til ho trappa ned. Ho meisterskapsdebuterte for Noreg under handball-VM 1995, der ho var med å tape bronsefinalen mot Danmark. Korkje i 1996 eller 1997 fekk ho plass i dei norske handball-troppane til OL, EM og VM. Derimot var ho med då dei norske handballkvinnene slo Danmark med åtte mål i EM-finalen 1998, sjølv skåra ho to av Noregs 24 finalemål i det som var hennar beste meisterskap. I 1999 vart ho verdsmeister på heimebane på Lillehammer og hausten 2000 fekk ho bronsemedalje med Noreg under Sommar-OL 2000 i Sydney, i begge desse meisterskapane sat ho på tribunen i finalen. Semifinaletapet mot Ungarn to dagar før bronsefinalen i Sydney vart hennar 127. og siste landskamp. Gjennom knapt elleve år på landslaget skåra ho 119 mål.

Merittar endre

Kjelder endre