Handball-NM 2016/Kvinner

Noregsmeisterskap i handball

Noregsmeisterskapen i handball 2016 for kvinner vart vunnen av Larvik Håndballklubb etter finalesiger 24 – 19 over Tertnes Idrettslag.

Semifinalane

endre
  • Tertnes IL – Sola HK 31 – 27
  • IK Våg – Larvik HK 26 – 32

Finalen

endre

Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum torsdag 29. desember. Kampen var lenge heilt jamn. Storfavoritt Larvik gjekk opp i 4-1. Tertnes snudde til 6-5, før Larvik tok leiinga att på 7-6. Så var Tertnes framom på 10-9, før Larvik snudde til fordel 12-11 ved pause. I byrjinga av andre omgang tok Tertnes føringa 13-12, atter snudde Larvik til fordel 14-13. Endå ein gong tok Tertnes leiinga på 15-14 og auka til 17-15. Ti minutt før slutt utlikna Larvik til 18–18. Deretter styrte dei rutinerte Larvik-spelarane kampen til femmålssiger og tok klubbens niande strake kongepokal.

Larviks fremste målskårar var Linn-Kristin Riegelhuth Koren med 8 nettkjenningar. Marit Malm Frafjord og Amanda Kurtovic skåra 5 gongar begge, Tine Stange stod for 2 mål, medan Gro Hammerseng, Vilde Johansen, Sanna Solberg og målvakta Sandra Toft skåra kvar sitt mål.

Med sine 9 mål vart Kjerstin Solås kampens og Tertnes toppskårar. Elles skåra Julie Lygren og Maren Lied 2 mål kvar. På skåringslista kom også Birgitte Karlsen-Hagen, Celine Sivertsen, Madeleine Hilby, Caroline Aar Jakobsen, Malene Bergset, Tina Abdula.

Dommarane straffa Larvik med tre 2-minuttsutvisingar og Tertnes med fire.

Kjelder

endre