Marit Malm Frafjord
Marit Malm Frafjord (fødd 25. november 1985) er ein norsk handballspelar frå Tromsø som spelar på Larvik Håndballklubb.
Marit Malm Frafjord | |
![]() | |
Fødd | 25. november 1985 (35 år) Tromsø kommune |
Yrke | handballspelar |
Marit Malm Frafjord på Commons |
Frafjord fekk debuten sin på det norske kvinnelandslaget i handball 28. september 2005 i kampen mot Portugal og har sidan det fått 14 kampar med 30 skåringar for Noreg. Frafjord deltok òg under EM i 2006 og fekk dimed EM-gull. I 2011 var ho med å ta gull for Noreg i Handball-VM i São Paulo i Brasil, då dei slo Frankrike i VM-finalen.
MerittarEndra
- EM 2006: Gullmedalje etter 27-24 mot Russland
- VM 2007: Sølvmedalje etter 24-29 mot Russland
- OL 2008 i Beijing: Gull etter norsk siger 34-27 mot Russland
- EM 2008: Gullmedalje etter 34-21 mot Spania
- VM 2009: Bronsemedalje etter 31-26 mot Spania
- EM 2010: Gullmedalje etter 25-20 mot Sverige
- VM 2011: Gullmedalje etter 32-24 mot Frankrike
- OL 2012 i London: Gullmedalje etter norsk siger 26-23 over Montenegro
- EM 2012: Sølvmedalje etter 31-34 mot Montenegro
- Sommar-OL 2016: Bronsemedalje etter 36-26 mot Nederland
- EM 2016: Gullmedalje etter 30-29 mot Nederland
- EM 2020: Gullmedalje etter 22-20 mot Frankrike