Handball-NM 2017/Kvinner

Noregsmeisterskap i handball

Noregsmeisterskapen i handball 2017 for kvinner vart vunnen av Idrettsklubben Våg, som stilte under klengenamnet Vipers Kristiansand, etter finalesiger 30 – 17 over Stabæk Idrætsforening.

Kvartfinalane

endre

Semifinalane

endre
  • Larvik HK – Stabæk IF 36 – 37 eeo
  • Storhamar IL – IK Våg 21 – 30

Finalen

endre

Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum fredag 29. desember framfor 4 198 tilskodarar. Fyrste omgangen var jamn til 11 – 11, favoritten Vipers rykte så frå til leiing 16 – 12 ved pause. I den andre omgangen kom klasseskilnaden til syne og Vipers vann med heile tretten mål; 30 – 17.

For Vipers skåra Kari Brattset 6 mål, Kristine Lunde-Borgersen 5, Jeanett Kristiansen 5, Malin Aune 4, Emilie Hegh Arntzen 3. Kristin Nørstebø 3, Karoline Olsen, Mathilde Kristensen, Vilde Jonassen 1, Lina Jensen 1. Katrine Lunde og Sakura Hauge vakta målet.

Stabæk-måla kom frå Jenny Sneve 5, Kristiane Stormoen 4, Henny Reistad 3, Ane Rustad 1, Thea Karlshaugen Pettersen 1, Caroline Ruud Helgesen 1, Katarina Berens 1.

Magnus Nygren og Andreas Borge dømde kampen.

Kjelder

endre

handball.no