Jeanett Kristiansen
Jeanett Egebakken Kristiansen (fødd 24. desember 1992) er ein norsk handballspelar, oppvaksen i Eigersund og Mjøndalen. Ho vert jamnast brukt som venstre rykkromspelar, men kan også vere kantspelar. Veronica Kristiansen er syster hennar.
Jeanett Kristiansen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. desember 1992 (31 år) Stavanger kommune |
Idrett | handball |
Jeanett Kristiansen spelte på Mjøndalen IF sitt lag på nivå tre? i seriesystemet fram til 2010. Ho melde då overgang til Glassverket IF og bidrog mykje til at laget i 2012 rykte opp i eliteserien. Sesongen 2013/14 spelte ho for Larvik HK, den dominerande klubben i norsk kvinnehandball. Med Larvik vart ho noregsmeister 2013 og seriemeister 2014. Deretter drog ho tilbake tilbake til Glassverket og var aktiv 2014-16 i Drammens-laget. Sommaren 2016 skreiv Kristiansen kontrakt med IK Våg/Vipers i Kristiansand, ein klubb som var i ferd med å take over hegemoniet i den nasjonale kvinnehandballen. Her var ho med å vinne NM 2017 og 2018, samt verte seriemeister i 2018 og 2019. Etter eit mellomspel 2019/20-sesongen i danske Herning-Ikast, var Kristiansen sesongen etter tilbake i Våg/Vipers. Frå hausten 2021 har ho kontrakt med Storhamar IL.
Kristiansen deltok i 6 landskampar for Noreg i 2017-18, skåra 10 mål.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jeanett Kristiansen» frå Wikipedia på tysk, den 6. mai 2021.
- handball.no