Handball-NM 2021/22 for kvinner
Noregsmeisterskapen i handball 2021/22 for kvinner vart vunnen av Vipers Kristiansand som vann finalen med 38–20 over Molde Håndballklubb. Finalen var utsett i over fire månader, grunna smittetiltak vedkomande covid-19.
Kvartfinalane
endre- Fana IL – Sola HK 32–26
- Tertnes IL – Aker 23–27
- Fredrikstad BK – Molde HK 28–31
- Vipers Kristiansand – Storhamar IL 38–23
Semifinalane
endre- Molde HK – Aker 34–19
- Vipers Kristiansand – Fana IL 35–28
Finalen
endreFinalen vart avvikla på Jordal Amfi i Oslo laurdag 14. mai 2022 framfor 1580 tilskodarar. Kampen var jamn til stillinga 6 – 5, derifrå tok storfavoritt Vipers styringa og leia 22–8 ved pause. I den andre omgangen kontrollerte laget frå Kristiansand kampen inn til siger 38–20.
For Vipers Kristiansand skåra Ragnhild Valle Dahl og Nora Mørk 8 mål, Sunniva Andersen 7, Jana Knedlíková 4, Lysa Tchaptchet 3, Ana Debelić, Markéta Jeřábková, Marta Tomac, 2 alle, Isabelle Gulldén og Vilde Jonassen 1 skåring. Katrine Lunde, Evelina Eriksson og Andrea Austmo Pedersen var målvakter.
Molde-spelaren Mona Obaidli var toppskårar i kampen med 9 fulltreffarar, elles skåra Julie Lygren 4, Thale Deila, Sherin Obaidli og Elise Skinnehaugen, 2 alle, og Elke Karsten 1 mål.
Dommarane Magnus Nygren og Andreas Borge dømde Vipers Kristiansand til to 2-minuttsutvisingar.