Handball-VM 1990 for menn
Verdsmeisterskapen i handball 1990 for menn vart avvikla i dagane frå 28. februar til 10. mars i Tsjekkoslovakia. 16 land deltok i turneringa, 12 av dei frå Europa. Noreg var ikkje kvalifisert.
Etter gruppespel og hovudrunde møttest dei tolv beste laga til finalekampar basert på plasseringa i hovudrunda. Vinnarane av dei to hovudrunde-gruppene, Sovjetunionen og Sverige gjorde opp om VM-pokalen. Her sigra Sverige med 27 mot 23 mål. I bronsekampen vann Romania 27–21 over Jugoslavia.
VM-finalen
endreFinalen fann stad i Praha framfor 10 200 tilskodarar, dommarane kom frå Jugoslavia. Det sovjetiske laget gjekk opp i leiing 8–3, før Sverige knappa inn til pausesiffera 11–12. Litt ut i andre omgangen utlikna Sverige til 14–14. Etter Sverige gjekk opp i tomåls-leiing på 19–17 «begynte de[=sovjet-spelarane] å gjøre tabber». Til sist vann Sverige 27–23 og tok landets fyrste VM-pokal på 32 år.
Sverige sine mål kom frå Magnus Wislander (6), Per Carlén, Bjørn Jilsén, Staffan Olsson, alle (4), Erik Hajas og Ola Lindgren (3, kvar), Pierre Thorsson (2) og Johan Eklund (1). Magnus Andersson skåra ikkje. Mats Olsson og Tomas Svensson var burvaktarar.
Sovjetunionens Aleksandr Tutsjkin vart kampens toppskårar med sine 11 fulltreffarar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Championnat du monde masculin de handball 1990» frå Wikipedia på fransk, den 18. januar 2024.