Handelsskip

(Omdirigert frå Handelsfartøy)

Handelsskip eller handelsfartøy er etter folkeretten eit privateigd og privat nytta skip, til motsats frå statsskip. Handelsskip kan frakta last og passasjerar. Dei kan vera nytta i handel, men treng ikkje vera det. Cruiseskip, ferje, fraktbåt og tankskip er nokre døme på handelsskip.

Containerskipet «Colombo Express» er eit handelsskip

Lov og rett endre

Handelsskip som høyrer til eit visst land blir kalla «handelsflåte». Eit handelsskip kan vera registrert og sigla under flagget til det landet eigaren høyrer heime i, eller det kan vera utflagga til eit anna land.

Handelsskip har særskilde rettar, som eksterritorialrett, i det minste når dei ikkje blir brukt kommersielt. Etter folkeretten sitt prinsipp om fritt skip, fritt gods har handelsskip etter visse reglar rett til å frakta gods rekna som fiendtleg i krigstid.

Kjelder endre

«handelsskip» i Store norske leksikon, snl.no.

  Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.