Handnesøya
Handnesøya er ei berglendt øy i Nesna kommune i Nordland. Ho ligg nord for munningen av Sjona. Arealet er 34,4 km², og det høgaste punktet på øya er Stokkatinden som er 599 meter over havet. Øya har om lag 90 innbyggarar (2007), den viktigaste næringsvegen er jordbruk. Helgelandske driv ferjesamband frå øya til tettstaden Nesna og øyane Tomma og Hugla. Nordlandsekspressen mellom Bodø og Sandnessjøen kan få anløp av Handnesøya ved behov. Øya har eiga kyrkje, Handnesøya kapell.
Handnesøya | |
---|---|
Sørsida av Handnesøya | |
Geografi | |
Stad | Helgeland |
Koordinatar | 66°15′40″N 13°2′3″E / 66.26111°N 13.03417°E
|
Areal | 34,4 km²
|
Høgaste punkt | Stokkatinden (599 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Nordland
|
Demografi | |
Folketal | 90 (2007) |
Folketettleik | 2,6 /km² |
Postnummeret er 8724 Saura.