Hangar er ein bygning som kan brukast som garasje for fly, helikopter og andre luftfartøy. Han blir ofte brukt ved ettersyn og reparasjon av desse fartøya.[1]

Teikning av ein gjennomskoren hangar.

Splinthangar er ein hangartype som ein nytta under andre verdskrigen. Desse var ofte u-forma, oppførte i betong og grundig kamuflerte. Dei blei brukt til å oppbevara fly i under flyangrep. Ved angrep køyrde ein flya inn hit for å gje vern mot bombesplintar.[2]

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. Erik Tandberg (14. februar 2009). «Hangar; snl.no». Store norske leksikon. Henta 16. februar 2017. 
  2. Janne Wilberg. «Det tyske militærbyggeriet i Norge». Forsvarsbygg. Henta 16. februar 2017. «Splinthangar» [daud lenkje]