Hans Arnesson Urdahl
Hans Arnesson Urdahl (18. juni 1769–21. september 1829) var ein norsk kontorist, lensmann, gardbrukar og stortingsmann frå Luster i Sogn. Han var far til Sølfest Hansson Urdahl og Hans Hansson Urdahl.
Hans Arnesson Urdahl | |||
Fødd | 18. juni 1769 | ||
---|---|---|---|
Død | 29. september 1829 (60 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | bonde, politikar | ||
Barn | Sølfest Hansson Urdahl | ||
Alle verv |
|
Urdahl var son til lensmannen i Luster. I yngre år arbeidde han på kontoret til sorenskrivaren i Indre Sogn. Sidan var han brukar av garden Bringe i heimbygda, dit han var gift. Seinare var han så gardbrukar på Saude, også i Luster. År 1807 vart Urdahl lensmann i Luster etter far sin, ei stilling han hadde til han døydde.
Urdahl var valmann då det i 1814 vart halde val til riksforsamlinga på Eidsvoll. På Stortinget 1815-16 var han 4. representant frå Nordre Bergenhus amt, medlem av komiteen for juridiske gjenstandar. Grunna sjukdom var han permittert frå 19. september 1815. Til Stortinget 1821-22 var han 1. varamann. Han møtte då i 1822 frå den 30. oktober i staden for Absalon Olsson Vereide.
Urdahl døydde på garden sin Saude i 1829.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Hans Arnesson Urdahl NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv