Hans Baltzersen Kaxrud
Hans Baltzersen Kaxrud (23. juli 1822–13. januar 1894) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Ås i Akershus.
Hans Baltzersen Kaxrud | |||
Fødd | 23. juli 1822 Ås i Akershus | ||
---|---|---|---|
Død | 13. januar 1894 (71 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | bonde, politikar | ||
Alle verv |
|
Kaxrud var son til ein gardbrukar på Kaksrud i Ås. Han tok over farsgarden i 1853 og dreiv han fram til 1889. Han vart medlem av heradsstyret i 1854 og frå 1864 av forlikskommisjonen. Kaxrud representerte Akershus amt på Stortinget frå 1871 til 1885. Den fyrste valbolken, 1871-73, var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen, sidan av næringskomite nr 2. Han vart medlem av Stortingets Venstreforeing då denne vart skipa.
Då han slutta som gardbrukar i 1889, flytta Kaxrud til Voll i Ås og døydde der i 1894.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Hans Baltzersen Kaxrud NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv