Hans Christian Andersen (1971)
Hans Christian «HC» Andersen (fødd 22. april 1971) er ein norsk programleiar. Han var med i oppstarten av NRK P3 i 1993, og leia blant anna programma VG-lista Topp 20 og Howard og HC. I 2000 og 2001 leia han Melodi Grand Prix. Saman med Tommy Steine var han ein av programleiarane for Senkveld på TV 2 frå 2001 til 2003.
Hans Christian «HC» Andersen | |
Verkeleg namn | Hans Christian Andersen |
Pseudonym | HC Andersen |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. april 1971 (53 år) Halden kommune |
Yrke | Programleiar |
Karriere
endreNRK
endreHans Christian Andersen var med som programleiar på NRK P3 frå fyrste sendedag i 1993.[1]
7. september 1995 hadde han si fyrste sending som programleiar for Topp 20 på NRK 1.[2] Programmet tok for seg dei mest populære songane i Noreg, og vart sendt kvar torsdag. I 1997 leia han musikkprogrammet U:Musikk på NRK 1.[3] Programmet vart etterkvart flytta over til NRK 2. Andersen gav seg som programleiar for U:Musikk i 1998.
I 2000 og 2001 leia han Melodi Grand Prix på NRK 1.[4]
TV 2, TV Norge og NRK att
endreAndersen og Tommy Steine var programleiarar for Senkveld på TV 2.[5] Programmet hadde premiere 7. september 2001. Programmet vart sendt i tre sesongar fram til 2003, før Thomas Numme og Harald Rønneberg overtok som programleiarar.
I 2004 var Andersen programleiar for Jeopardy! på TVNorge.[6]
Frå 2008 til 2012 var Andersen programleiar i NRK Østfold.[7]
POPradio
endre31. november 2013 starta Andersen opp den lokale radiokanalen POPradio sammen med sin tidligare kollega i NRK, Håvard Sylte.[8][9] Kanalen blir sendt på det digitale DAB-nettet.
I januar 2020 vart han programleiar i HC og Andrea, i lag med Andrea Lindquist, på NRK P1.
Kjelder
endre- ↑ «Hvor ble det av Howard..», NRK P3 (på norsk), 2. oktober 2008, henta 31. mai 2019
- ↑ NRK TV – Topp 20 (på norsk), henta 31. mai 2019
- ↑ Red, - (2. november 2001), «NRK2s nye liv – og opptakten til "M"», ballade.no (på norsk bokmål), arkivert frå originalen 21. juni 2006, henta 31. mai 2019
- ↑ «HC var med på MGP-oppturen», www.ha-halden.no (på norsk), 28. mai 2010, henta 31. mai 2019
- ↑ Hindhamar, Sølve (27. august 2010), «- Vi tålte ikke trynet på hverandre», seher.no (på norsk), henta 31. mai 2019
- ↑ «Hva er . . . verdens mest sette spørre- program?», adressa.no (på norsk bokmål), 29. mars 2004, arkivert frå originalen 31. mai 2019, henta 31. mai 2019
- ↑ RADIOPROFILEN: Hans Christian Andersen Arkivert 10. november 2008 på Wayback Machine. – intervju på RadioAssistant.com.
- ↑ «Hans Christian Andersen på lufta - med egne vinger», www.ha-halden.no (på norsk), 2. desember 2013, henta 31. mai 2019
- ↑ Valmot, Odd Richard (29. juli 2014), «Radiokjendisen har etablert lokalradio på DAB+», Tu.no (på norsk), henta 31. mai 2019