Senkveld var eit norsk talkshow som vart sendt fredagar på TV 2 frå 2001 til 2021. Programleiarar har vore Hans Christian Andersen og Tommy Steine (2001–2003), Thomas Numme og Harald Rønneberg (2003–2018), og Helene Olafsen og Stian Blipp (2018–2021). Formatet har haldt seg ganske likt, men med nokre skilnader i innslag og utforming.

Senkveld
TypeUnderhaldningsprogram
SjangerTalkshow
OpphavslandNoreg
Introduksjonsår2001
Sesongar2 (Hans Christian og Tommy)

30 (Thomas og Harald)

2 (Helene og Stian)
Språknorsk
ProgramleiarHelene Olafsen og Stian Blipp
KanalTV 2
For den noverande utgåva, sjå Senkveld med Helene og Stian.

Dei lengstlevande programleiarane for Senkveld er Thomas Numme og Harald Rønneberg, som leia programmet i 30 sesongar frå 2003 og 2018.

Programleiarar endre

Programleiarar Byrja Slutta Antal episodar Antal sesongar
Hans Christian Andersen, Tommy Steine 7. september 2001 29. november 2002 2
Thomas Numme, Harald Rønneberg 12. september 2003 11. mai 2018 435 30
Helene Olafsen, Stian Blipp 14. september 2018 21. mai 2019 29 2

Historie endre

Hans Christian «HC» Andersen og Tommy Steine endre

Premieren av Senkveld med HC og Tommy vart sett av 377 000 TV-sjåarar. Programleiarane vart ikkje einige med kanalen om fornying av programmet, og siste sending vart difor sendt 29. november 2002.[1] Hans Christian Andersen ynskte å ta inn fleire internasjonale gjestar til programmet, men det gjekk ikkje TV 2 med på.

Thomas Numme og Harald Rønneberg endre

Etter nærmare eit år utan programmet på TV-skjermen, ynskja TV 2 å gjera ei ny satsing på programmet.[2] Thomas Numme og Harald Rønneberg gjekk frå jobben som programleiarar i Idol, og over til Senkveld.[3] I mai 2010 vann programmet Gullruten for «Beste underholdning».[4]

Helene Olafsen og Stian Blipp endre

Den tidligare snøbrettkøyraren Helene Olafsen og Stian Blipp vart valgt av TV 2 til å overta som programleiarar.[5] Senkveld med Helene og Stian hadde premiere i september 2018, og premieren vart sett på av 582 000 TV-sjåarar.

Konsept endre

Programmet har behaldt det samme grunnkonseptet sidan starten i 2001. Den største delen av programmet går til intervju med ulike gjestar som er aktuelle. På slutten av programmet er det som oftast ein opptreden av ein artist eller gruppe.

I Senkveld med Thomas og Haraldsatt begge programleiarane bak ein pult og gjestane tok plass i ein sofa. Senkveld med Helene og Stian har endra litt på dette og fjerna pulten. Programleiarane sit no saman med gjestane sine i ein større sofa.

Sending endre

Senkveld blir sendt på TV 2 på fredagar, og er tilgjengeleg på strømmetenesta TV 2 Sumo.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. «Slutt for Senkveld», kampanje.com (på norsk bokmål), henta 31. mai 2019 
  2. Bjørn Eckblad, Gøran Skaalmo (2012). Se hva som skjedde. Historien om TV 2. Font. 
  3. «Fra «Idol» til «Senkveld»», www.ba.no (på norsk), 21. august 2003, henta 31. mai 2019 
  4. Stavrum, Ina Rosenberg, «Endelig vant de!», www.side2.no (på norsk), henta 31. mai 2019 
  5. AS, TV 2, «Stian Blipp og Helene Olafsen tar over Senkveld», TV 2 (på norsk bokmål), henta 31. mai 2019