Hans Christian Jahnsen
norsk politikar
Hans Christian Jahnsen (6. april 1823–16. april 1901) var ein skipsbyggjar, gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Tjølling.
Hans Christian Jahnsen | |||
Fødd | 6. april 1823 | ||
---|---|---|---|
Død | 16. april 1901 (78 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Jahnsen var son til ein leiglendingsbonde. Sjølv lærde han seg til skipsbyggjar på Hortens Verft, der han var skipsbyggmeister frå 1850 til 1872. Samstundes var han gardbrukar på Kaupang i Tjølling. Frå 1873 var han lensmann i Tjølling.
Jahnsen var medlem av heradsstyret i Tjølling i mange år, ei tid som ordførar. Han var forlikskommissær frå 1874 og valmann seks gonger. Perioden 1880-82 var han 2. representant frå Jarlsberg og Larviks amt på Stortinget og 1882 på omframstortinget. På tinget var medlem av justiskomiteen.
Jahnsen døydde på garden sin i Tjølling i 1901.
Kjelde
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914