Hans Olsson Faret (14. desember 18244. januar 1918) var ein norsk lærar, kyrkjesongar og gardbrukar frå Hornnes i Aust-Agder.

Faret var seminarist frå Holt seminar i 1846. Same året fekk han stilling som lærar i heimbygda, ein post han hadde til utgangen av 1904. Åra 1861-65 var han også lærar ved ein skule i Hornnes som utdanna lærarar til folkeskulen. I fleire år var han medlem av heradsstyret og forlikskommisjonen. Han var også med i amtsskulekommisjonen og styremedlem i amtet sitt landbruksselskap. Valperioden 1874-76 var han 2. varamann til Stortinget frå Nedenes amt.

Faret dreiv farsgarden i lang tid. Han var mykje interessert i fealet, og ein talsmann for telemarkskua. Frå 1850-åra var han i tiår etter tiår dommar ved fesjå i distriktet. Han vart tildelt borgardådsmedaljen i sølv.

Kjelder

endre
  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Kultursoge for Evje og Hornnes. B. 1 (1990)