Hans Kristensson Hagen (13. desember 18251. mars 1885) var ein norsk spelemann frå Krødsherad i Buskerud. Han var ei av kjeldene til Wilhelm Sorteberg.

Hans Hagen
Fødd13. desember 1825
Død1. mars 1885 (59 år)
Verka sommusikar

Hans Hagen livnærte seg som skreddar og husmann ynder prestegarden på Olbergsund. Han var mykje nytta til dans, og fór til Kongsbergmarken og Drammensmarken. Her spela han i lag med Gamle-Kleven og Tor Grimsgard. Markensspelinga var ei betre inntekt for Hans enn husmannslivet, og ein gong kom han heim med heile hundre kroner, mykje pengar på den tid.

Mellom elevane hans var Wilhelm Sorteberg og Ole Skogly.