Hans Horgen
Hans Kristensen Horgen (23. januar 1835–17. november 1911) var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Sem i Vestfold.
Hans Horgen | |||
Fødd | 23. januar 1835 Sem kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 17. november 1911 (76 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, bonde, lærar | ||
Alle verv |
|
Horgen var son til ein gardbrukar. Han vart seminarist frå Slagen lærarskule i 1856, og var lærar ved same skulen frå 1858 til -65. Sidan var han gardbrukar på farsgarden. Han var medlem av heradsstyret i mange år, ei tid ordførar. Elles var han medlem av forlikskommisjonen og av amtsskulestyret, der han òg var formann, samt mange andre verv.
Horgen representerte Jarlsberg og Larviks amt på Stortinget 1874-76 og 1883-91. I sin fyrste stortingsperiode var han medlem av protokollkomiteen. Seinare var han medlem av budsjettkomiteen 1883-85 og jarnbanekomiteen 1886-91, samt av valkomiteen 1889-91. Den siste valbolken, 1889-91, var han òg sekretær i Lagtinget.
Horgen døydde på garden sin i Sem i 1911.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Hans Horgen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv