Hans Jørgen Birch
norsk politikar
Hans Jørgen Petter Birch (19. august 1849–12. desember 1939) var ein norsk lege og politikar, fødd i Eigersund.
Hans Jørgen Birch | |||
Fødd | 19. august 1849 | ||
---|---|---|---|
Død | 12. desember 1939 (90 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Birch var son til ein lege. Etter å ha vorte student i Stavanger, tok han i 1874 cand.med.-eksamen. Han var frå 1875 privatlege i Eigersund og deretter frå 1882 kommunelege i Holmestrand.
Birch var medlem i Holmestrand bystyre 1886-1906, ordførar i 1887 og 1895. Han var formann i komiteen som arbeidde for Holmestrand-Hvittingfoss-bana og sidan formann i sjølve bana. Stortingsbolken 1898-1900 representerte han valkrinsen Holmestrand på Stortinget, medlem i Næringskomite nr 2.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914