Hans Jacob Gasmann

norsk gardbrukar og politikar

Hans Jacob Gasmann (29. september 178711. september 1857) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Gjerpen i Telemark.

Hans Jacob Gasmann
Fødd29. september 1787
Gjerpen kommune
Død11. september 1857 (69 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkebonde, politikar
Alle verv

Gasmann var fødd i Gjerpen, der far hans var prokurator ved stiftsoverretten. Sjølv var han gardbrukar på Foss i Gjerpen. Han representerte Bratsbergs amtStortinget 1821 og omframstortinget 1822, og på ny i 1836 og 1836-37. I 1821 var han medlem av åtte komitear, mellom dei om løn til geistlege embetsmenn, om løn til skulehaldarar, om snøbrøyting og om bergverkslova. Både i 1836 og på omframstortinget 1836-37 var han medlem av næringskomiteen. Frå 1838 var han medlem av det fyrste heradsstyret i Gjerpen.

I 1843 utvandra Gasmann til staten Wisconsin i USA, der han døydde i 1857.

Kjelder endre