Hans Jacob Hofgaard
Hans Jacob Hofgaard (9. oktober 1817–15. september 1894) var ein norsk gardbrukar og stortingmann.
Hans Jacob Hofgaard | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. oktober 1817 |
Død |
15. september 1894 (76 år) |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Hofgaard var fødd i Drammen, son til ein proprietær. Han vart utdanna til forretningsdrift og var handelsbetjent i Skien frå 1836, der han i åra 1844-48 var kjøpmann. I 1850 tok han over farsgarden Sjåstad i Lier, som han rydda og dyrka opp til å verte den med mest jordvidde i heile Buskerud. Han grunnla det fyrste meieriet i Lier og sette i gang ein trevarefabrikk og dreiv planteskule.
Frå 1853 til 1877 var han medlem av Lier heradsstyre. Han representerte Buskeruds amt på Stortinget i tida 1862-66, der han sokna til dei konservative grupperingane. På 1862-63-Tinget var han medlem av kyrkjekomite nr 2, i 1865-66 medlem av bankkomiteen.
Hofgaard deltok i 1880-åra i den politiske debatten, mellom anna ved å gje ut fleire småskrift. Han var elles mykje interessert i kyrkjelege spørsmål.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914