Hans Knudtzon
norsk politikar
Hans Carl Knudtzon (29. januar 1751–16. desember 1823) var ein norsk kjøpmann og stortingsmann.
Hans Knudtzon | |
Hans Carl Knudtzon på ein miniatyr etter eit måleri av Jacob Munch | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. januar 1751 Bredstedt |
Død |
16. desember 1823 (72 år) |
Yrke | politikar, forretningsdrivande |
Språk | norsk |
Medlem av | Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab |
Hans Knudtzon på Commons |
Knudtzon var fødd i Bredsted i Slesvig. I ung alder kom han til Trondheim og var agent for forretningsmannen Broder Lysholm. Etter Lysholm døydde i 1772 styrte han forretningane vidare, til han overtok det heile i 1797. Han hadde mange framståande posisjonar i lokale fellestiltak. Ulønna borgarmeister i Trondheim 1802-06.
I 1814 var Knudtzon 1. representant frå Trondheim på det overordentlege storting i 1814. Han var då medlem av deputasjonen som Stortinget sende til Stockholm.
Knudtzon døydde i Trondheim i 1823.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Hans Knudtzon NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Hans Carl Knudtzon frå Norsk biografisk leksikon