Hans Odberg

Hans Mathias Odberg (fødd 23. februar 1850) var ein garvar, gardbrukar, næringsdrivar og stortingsmann frå Hedrum i Vestfold. Han representerte Venstre.

Hans Odberg
Fødd23. februar 1850
Hedrum
Død8. oktober 1924 (74 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Odberg var son til ein gardbrukar. Han gjekk i garvarlære og dreiv garvar forretning i Larvik i tida 1867-80. I 1880 slo han seg ned som gardbrukar på Håvaldsrød i Brunlanes, der han også starta såpefabrikk. Åtte år seinare tok han over farsgarden Odberg og busette seg der. På Odberg dreiv han trevarefabrikk. Han var medlem av heradsstyret i Brunlanes, og seinare i Hedrum.

Odberg var 4. representant frå Jarlsberg og Larviks amtStortinget 1892-94. Han var 1892 medlem av gasje- og pensjonskomiteen, 1893-94 av budsjettkomiteen.

I 1910 slo han seg ned i Kristiania.

KjeldeEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914