Hans Pedersen Herrefosser

Hans Pedersen Herrefosser (10. desember 18003. august 1869) var ein norsk gardbrukar og og stortingsmann frå Lier i Buskerud.

Hans Pedersen Herrefosser
Fødd 8. desember 1800
Lier
Død

3. august 1869
Rakkestad

Yrke politikar

Herrefosser var fødd i Lier, voks for størstedelen opp på farsgarden i Røyken. I 1833 kjøpte han garden Herrefosser i Rakkestad og dreiv denne sidan. Han var medlem av heradsstyret i Rakkestad frå 1838 til -60, ordførar 1840-41 og 1846-47. I åtte år var han varaordførar og hadde elles andre kommunale verv.

Han var 3. representant frå Smaalenenes amtStortinget i 1842. Der var han medlem av komiteen for budsjett og skattestell. I 1845 var han 4. varamann til Stortinget.

Han døydde på garden sin i Rakkestad i 1869.

KjelderEndra